mandag 4. oktober 2010

Fotomontasje

"Haustkveld"

I veke 37 fekk me i oppgåve å lage ein fotomontasje. Det vil seie at me skulle settja fleire bilete, av same person, saman til eit. 
I startfasen gruperte eg meg med Marthe og Henrik for å ha "brainstorming", kor me kom opp med mange gode idear. Eit par av dei vidareutvikla eg ved å lage tankekart og skisser. Til slutt fall eg for ideen om å lage ein typisk haustkveld i heimen.

Personen eg skulle fotografere var det opprinneleg meininga at skulle vera litlesystera mi, men slik vart det altså ikkje. Morgonen biletet skulle takas nekta eg ho nemleg å bruka gensaren min, difor straffa ho meg med å ikkje stilla opp. Dermed måtte eg i staden ta bileta av meg sjølv, ved hjelp av sjølvutløysar (og mor, då eg skulle lage "kontakt scenen" med karakterane som spelte 
kort).
Eit anna problem som oppstod var at lyset i vindauget endra seg undervegs. Fyrste biletet, som eg tok klokka sju, var nemleg mykje lysare enn det eg tok klokka halv elleve. Dette gjorde at eg måtte ta dei fyrste bileta om att.



Kva kamera eg brukte og kva instillingar det stod på er nok vesentlig informasjon i dette innlegget, men det huskar eg ikkje. Det eg derimot kan fortelja er at eg flytta alle lampene i huset inn i stova og plasserte dei bak og til venstre for kamera.

Etter bileta var tekne klyppte eg dei lagvis saman i photoshop ved hjelp av Quick selection tool, viskelæret og eraser.

Resultatet ser du her:


2 kommentarer: