Nokre veker seinare fekk me i oppgåve å bruka det beste piktogramet og teikna det inn på pcen ved hjelp av Illustrator. Verktøyet me skulle benytte oss av var fyrst og fremst Pen Tool.
Eg syntes det var veldeg vanskeleg å finna ut av dette programmet, og å styra Pen Toolen viste seg å, etter mi meining, vera nærast umogleg. Dagen før innlevering såg piktogramet mitt, etter fleire forsøk, slik ut:
Som du kanskje ser hadde piktogramet mitt tiss, er det rart eg var i ferd med å gje opp?
Men så bestemte eg meg for at dette programmet rett og slett berre var noko eg måtte læra meg, så eg droppa trening og sat oppe og arbeida til langt ut på natt. Dagen etter kom eg på skulen med fleire versjonar av piktogrammet og brukte dei siste timane me fekk tilgjengelege til å arbeide med innleveringa berre til å finpusse dei.
Resultatet syntes eg at ikkje vart så aller verst, og uansett er eg kjempe nøgd med eigen innsats: